Ho utfordrar det kjende
Astrid Brommeland er næringsutviklar hos Fylkesmannen og jobbar til dagleg i Suldal kommune. Bondevennen har laga ein innsiktsfull reportasje om Astrid og hennar etablerarar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Astrid Brommeland har jobba for Ryfylke i mange, mange år. Lidenskapen for mat og mattradisjonar fekk ho gjennom mor si som var kokk. Berre 16 år gamal var Astrid kokk på anleggsbasen for damutbygginga ved Blåsjø. Ho er særs oppteken av å forvalte alle ressursar som bøndene har på gardane på ein god måte. Derfor er det blitt mange små vasskraftverk i Suldal, men dei er ikkje så lett å få auge på for dei går i eitt med terrenget. Ho brenn for å ta vare på jorda og bøndene, og da meiner ho at vi må endre på metodane våre. Lettare maskinar, pløy sjeldnare og bygg billegare, seiar ho.
Astrid har følgd opp mange etablerarar, og nokre av dei kan du lesa om i Bondevennen sin artikkel.