Inspirasjonssamling - jordbær i tunnel
Dyrking av jordbær under tak i plasttunnelar gir full kontroll med vêr og vind, lengre sesong og jamnare kvalitet, og smaken er minst like god. Er du interessert, så er dette møtet noko for deg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Møt opp hos Fruktpakkeriet i Årdal 13. februar kl 1900 så får du vite meir om det siste nye innan dyrking av bær.
Adresse: Ryfylkefrukt SA, Svadbergvegen 54, 4137 Årdal
Jan Karstein Henriksen og Randi Hodnefjell frå Norsk Landbruksrådgiving vil snakke om jordbærdyrking og økonomi i jordbær i tunnel. Andre bærsortar i tunnel vil også bli omtalt, men mest jordbær.
- Rådgivingsopplegg for bærdyrkarar i Rogaland framover
- Økonomi i jordbærdyrking og tiltak/opplegg for å kunne tene pengar på jordbærdyrking
- Finansiering frå Innovasjon Norge
Målgruppe: Jordbærdyrkarar og andre som har interesse for bærdyrking i tunnel i heile Rogaland.
Arrangør: Rogaland frukt-og bærdyrkarlag og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke.
Seinare vert det også ein inspirasjonstur til Sylling i Lier og møte med Myhrene (totalleverandør av tunnelar, og morell- og jordbærdyrkar) i mai/juni. Det er også planar om ein inspirasjonstur til Joa bær på Sola i starten av juni.
Møtet er gratis!
Påmelding og meir informasjon: kari.sand@strand.kommune.no mob:950 31190 eller Anne Norunn Helgøy, annenorunn@icloud.com mob: 419 281 53