Lærerik Inn på tunet studietur til Vindafjord

25 deltakarar besøkte tidlegare i oktober gardane Søre skogen og Haugen gard. Her var det mykje å lære om Inn på tunet-tilboda retta mot oppvekst og skule samt helse- omsorg- og arbeidssektoren. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.10.2019

«Inn på tunet» blir definert som tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, og retter seg mot oppvekst/skule- samt helse-/omsorg-/sosial- og arbeidssektor. Føremålet med turen var å vise korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper. Deltakarane på turen var frå både tilbydar- og kjøparsida.

Søre Skogen

Søre skogen er eit økologisk drive småbruk som ligg naturskjønt til i Skjold. Vertskapet Martin og Drude Isene definerer garden som eit "livsstilsbruk" der hovudinntekta deira kjem frå mangesysleriet: Hagebruk, dyrehald, tradisjonelt handverk, gardsturisme, kursverksemd og ikkje minst Inn på tunet.

På garden er det gamalnorsk spælsau, vestnorsk fjordfe, nokre ute-ullgrisar, frittgåande økohøner, 5 hestar, 2 buhundar og fleire gardskattar. Den gamle, men nå trekledde siloen, samt det restaurerte gardshuset på 200 år blir brukt til overnatting og annan utleige.

Inn på tunet på Søre Skogen er eit dagaktivitetstilbod til folk som slit med rus- og psykiske problem. Ruskonsulent Elin Kvanvik frå Vindafjord kommune orienterte om dei positive effektane brukarene hadde av tilbodet. Her får dei vere med på ekte og nære aktivitetar som stell av dyr, jordarbeid og plantedyrking, anna gardsarbeid, turar og ferskvannsfiske, pilfletting, lærarbeid, matlaging mm. Det å kunne meistre arbeidshestane er sjølvsagt stort for mange.

Haugen gard

Neste stopp på studieturen var Haugen gard, som også ligg i Skjold i Vindafjord .

Haugen gard er eit av dei større gardsbruka i Vindafjord og driv mjølke- og kjøttproduksjon. Inn på tunet tilbodet er til elever i grunnskulen som har behov for «ein annleis skuledag» og ein alternativ læringsarena. Tidlegare har det også vore eit dagtilbod til heimebuande demente som gjekk under namnet «Gløymsk men glad». Kari Synnøve Velde Haugen viste oss rundt på garden og orienterte om korleis dei nytta garden til pedagogisk verksemd.   

Skulerådgjevar Gro Anett Espevoll frå kommunen fortalde om nytten kommunen hadde av dette alternative skuletilbodet. Det å få vere på Haugen gard og delta i praktiske aktivitetar gav elevane nyttige «læringsknaggar» som i neste omgang medverka til betre forståing av teorien i fleire skulefag.

Ho informerte også om at det var viktig for kommunen at bruken av slike alternative opplæringsarenaer var forankra i Læreplanverket, slik at aktivitetane på garden kunne koplast til kompetansemåla i dei ulike faga. For at ein elev skal få opplæring på ein alternativ opplæringsarena, må det liggje føre eit enkeltvedtak om spesialundervisning samt individuell opplæringsplan (IOP).

På Haugen gard var det også «eksklusiv førpremiere» på den nyproduserte filmen om Inn på tunet i Rogaland.

Daglig leder for Inn på tunet Sørlandet SA, Åse Hodne Hørsdal, var også med på studieturen. Hun informerte om etableringen av dette Inn på tunet samvirket som nå telte 17 medlemmer fra Agder-fylkene. Hun ønsket også deltakere fra Rogaland velkommen som medlemmer.

Bjørn S. Berg fra Fylkesmannen ga en kort orientering om Inn på tunet satsinga nasjonalt og om Fylkesmannen sitt oppdrag. Inn på tunet er nå blitt «offentleg villa politikk», der 5 ulike departement står bak satsinga.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.