Økologiske juletre er in
Det siste nye innan utstyr og teknikkar i juletreproduksjon vil bli vist fram under Norsk Juletremesse som startar i slutten av februar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den årlege messa går av stabelen på Tau og Sola.
28. februar – fagdag hos Rønnaug og Svein Alsvik Tjøstheim, Tjøstheimsvegen 216, 4120 Tau
1. og 2. mars – messe med utstilling og føredrag på Clarion Hotel Air, Utsolaarmen 16, 4055 Sola
Fagdagen på Tau er utandørs med demonstrasjon av utstyr, hjelpemidler i produksjonen og arbeidsteknikkar.
Under sjølve messa på Sola vil det bli sett ekstra fokus på økologiske juletre. I tillegg vil ein få siste nytt innan juletrenæringa og fleire juletreprodusentar vil dele sine erfaringar.
Målgruppe: Juletreprodusentar frå heile Noreg, både nye og gamle og dei som har lyst til å starte med juletreproduksjon.
Prisar, detaljert program og meir informasjon finn du i invitasjonen, og her er lenkje til påmelding
Arrangør: Rogaland Juletre. Juletremessa har eigen Facebookside
Arrangementet har fått finansiering frå Fylkesmannen i Rogaland.