Har du ein god prosjektidé?

Fylkesmannen i Rogaland har fått midlar til utdeling for utgreiings- og tilretteleggingtiltak, UTM. Desse skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot. Ingen søknadsfrist!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2018

Fylkesmannen i Rogaland har fått 3,84 millionar for 2019 til utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruksbaserte næringar. Vi saksbehandlar søknadar fortløpande til potten er tom. Har du prosjektomtale og budsjettet klart, kan du søkje elektronisk om midlane. Har du ein god idé og treng hjelp til å utvikle den eller er du usikker om du oppfyller krava, kan du ta kontakt med oss.

Vi minner om at midlane ikkje er retta mot enkeltbedrifter. Det er kommunar, bedriftsklyngar, næringshagar, reiselivsdestinasjonar, faglaga, rådgivinga, organisasjonar med fleire som kan søkje. Meir informasjon finn du på menyen på høgre sida i dokumentet «kven kan søke, og kva kan midlane brukast til?». Ta gjerne kontakt med oss for dialog rundt tiltaket og søknaden!

 

Andre støtteordningar som skal støtte opp under landbruket (NB: ordningane har ulike søknadsfristar)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsskjema utgreiing- og tilretteleggingstiltak