Ullandhaug andelsgard 2024

ByAuk i Stavanger startar ny andelsgard på Ullandhaug i 2024!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.11.2023
ByAuk skal i 2024 starta ein ny andelsgard oppe på Ullandhaug, noko veldig mange ser fram til og gleder seg over.
På Ullandhaug vil ByAuk lage ein grønsakspark open for alle- og gi fleire folk moglegheita til å dyrke sine eigne grønsakar i eit felleskap med fleir.
Ønskjer du å bli andelseigar?
På fredag 24. november klokka 10:00 opnar dei for ventelista, og etter fyrstemann til mølla prinsippet vil ein få moglegheita til å kjøpa ein andel.