Stormøte om landbruk 8. mars
Temaet for årets Varhaugmøte er nytt gjødselregelverk – kva betyr det for landbruket? Blant innleiarane finn vi landbruks- og matminister Sandra Borch og vår eigen statsforvaltar Bent Høie.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.02.2022
Det tradisjonelle Varhaugmøtet blei i år utsett til 8. mars på grunn av koronarestriksjonane. Årleg samlar møtet fleire hundre bønder og andre landbruksinteresserte folk, og har blitt ein viktig møtestad.
Bak stormøtet står bondelaga i Hå, Hå kommuna og SpareBank 1 SR-bank.
Program 8. mars
19.00 | Velkomen ved ordførar i Hå, Jonas Skrettingland |
19.10 | Innleiing ved Sveinung Svebestad, styreleiar i FKRA |
19.25 | Landbruks- og matminister Sandra Borch |
19.50 | Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming |
20.15 | Statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie |
20.35 | Pause |
21.15 | Open debatt med spørsmål frå salen |
22.00 | Avslutting og gåveutdeling ved bondelaga i Hå |
Møtet finn stad på Varhaug idrettsanlegg.