Måndag 27. januar blir det to stormøte om landbruk

Geir Pollestad på Varhaugmøtet 2024
Landbruks- og matminister Geir Pollestad på Varhaugmøtet i 2024 Foto: Anfinn Rosnes.

Landbruks-og matminister Geir Pollestad kjem til Rogaland for å delta på to stormøte om landbruk. Først ut er Tysvær, og seinare på kvelden er det tradisjonen tro klart for Varhaugmøtet.  

Publisert 14.01.2025

«Stolt bonde med tru på framtida» er tema i Tysvær

Korleis skapar me ein attraktiv og berekraftig framtid for landbruket? På årets Landbrukskonferanse samlar me unge bønder, politikarar og nøkkelpersonar som har visjonar for ei næring i utvikling. Konferansen er kl 09.30-14.30 på Tysværtunet. For meir informasjon og påmelding sjå heimesida til Haugaland vekst: Landbrukskonferansen 2025: "Stolt bonde med tru på framtida" - Haugaland Vekst

 

Stormøte på Varhaug

Møtet finn stad i idrettshallen, og det er inga påmelding. 

blobid1.jpg

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.