Økologisk landbruk i medvind

Utviklinga av tal bruk med økologisk produksjon er etter mange års stagnasjon positiv. Denne nyhenda blei godt motteken av deltakarane på fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk 2. -3. februar. Her kan du finne presentasjonane som blei brukt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2018

Tal frå Debio sitt register over verksemder godkjend for økologisk landbruksproduksjon viser at 46 verksemder i Rogaland var knytt til Debio i 2015. Ved utgangen av 2017 var det 55.

God deltaking på fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk

Sist fredag og laurdag var over 40 deltakar til stades under fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk. Her fekk dei høyre om løysningar i sauehus, sikori i beite for sau, jordfruktbarheit, moglegheiter for humledyrking, vitalitet i maten, økologisk jordbærproduksjon og mykje meir. Lysarka som blei brukt finn du som vedlegg til denne nettsaka under "Dokument".

Tusen takk til både innleggarane og deltakarane for ei flott samling! Arrangøren var Oikos Rogaland i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Det blei gitt økonomisk støtte frå utgreiings- og tilretteleggingsmidlane til Fylkesmannen i Rogaland.

Ønskjer du regionale nyhende om økologisk landbruk?

Vil du bli informert om arrangement og anna relevante nyheitar innan økologisk mat og landbruk på e-post? Ta kontakt med Annabell Pfluger for registering i nyheitsbrevet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.