Avslutningsarrangement for pilotprosjektet "Planting av skog på nye arealer som klimatiltak" i Rogaland

Pilotprosjektet "Planting for klima" starta i 2015 som ein oppfølging av Klimaforliket. Prosjektet har gått ut på å plante skog på opne attgroingsareal og for å auke skogsarealet og opptaket av CO2. Nå er den treårige pilotfasen over, og det skal sjølvsagt markerast med brask og bram.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2018

Rogaland har dei siste tre åra vore med på pilotfasen der auking av skogarealet har stått i fokus. Målet med pilotfasen var å hauste erfaringar med blant anna klimaeffekt, miljøkriteriet og gjennomføring før oppskalering og utvida implementering av tiltaket.

Du kan melde deg på avslutningsarrangementet

Sluttrapporten for deltakarfylka leverast 14.september, 19.september er datoen for avslutningsarrangementet for Rogaland som finn sted Skogens Hus i Stavanger. Program og påmeldingsinformasjon finn du i dokumentet til høgre. 

Tida vil vise om prosjektet skal halda fram

Pilotfasen avsluttast formelt 1.desember 2018, når Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet overleverar sin sluttrapport til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som skal avgjera vegen vidare for prosjektet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument