Framleis mogleg å melda seg på Landbrukskonferansen 20. mars
Frist for å melda seg på er 10. mars!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.03.2023
No nærmar det seg årets Landbrukskonferanse! 20. mars kan du få fagleg påfyll, møte gamle kjenningar og nye bekjentskap på IMI Forum Stavanger. Målgruppa for konferansen er folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket.
Lenke til påmelding:
Påmelding til Landbrukskonferansen 2023 (deltager.no)
Konferansen har me kalt «Mat må me ha - bonden, jorda og naturen i samspel» og programmet er som følgjer:
Konferanseleiar; Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (dagleg leiar og redaktør i Bondevennen)
08.30 | Registrering og servering av kaffi mm. |
09.00 | Velkomen ved Ståle Hustoft, jordbrukar frå Nedstrand |
Miljømessig berekraft - Naturvern og jordvern
09.15 | Landbruket må ta omsyn til naturen. Liv Guri Velle, forskingsleiar i Møreforsking |
10.00 | Kampen om jorda – kommunane sitt handlingsrom til å tilbakeføre utbyggingsområde til jordbruksformål. Nikolai K. Winge, dagleg leiar i Holth & Winge |
10.30 | Ordførarar kommenterer, Sigmund Lier frå Tysvær kommune og Odd Stangeland frå Eigersund kommune |
10.50 | Pause |
Økonomisk og sosial berekraft - Fleire bein å stå på
11.10 | God inntening på vidareforedling av skogressursane i kombinasjon med mjølkeproduksjon. Kjetil Skartland, bonde og skogeigar |
11.35 | Inn på tunet – garden som arena for demensomsorg. Marit og Arthur Salte frå Torvholen Gard |
Time kommune sine erfaringar med Inn på tunet og korleis garden kan bidra til kommunal oppgåveløysing. Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune | |
12.00 | Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland |
13.00 | Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Geir Skadberg, styreleiar i Rogaland landbruksselskap |
13.15 | Teknologi, kunstig intelligens og robotisering i drivhus. Atle Rettedal, CEO og gründer av Trolltunga Robotics AS |
13.35 | Rogalandsbonden må ta mange val nå om dagen - skal, skal ikkje om vegval, økonomi/lønsemd. Bjarne Holm, direktør i Norsk Landbruksrådgiving |
14.15 | Pause |
14.35 | Om lag kvar tredje mjølkeprodusent i Rogaland vil slutta med mjølk innan 15 år. Kommentarar frå TINE v/ Asgeir Pollestad og Q-meieriet v/ Geir Vestly |
14.50 | Bonde i medgang og motgang, korleis unngå psykiske utfordringar. Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk Landbruksrådgiving |
15.20 | Kort oppsummering av dagen v/konferanseleiar |
15.30 | Takk for i dag. Vel heim! |