Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø Sandnes gjestehavn
Fylkesmannen har etter søknad frå Multiconsult AS på vegne av Sandnes Indre Havn Infrastruktur AS endra løyve av 12.05.2015 til arbeider i sjø ved Sandnes Gjestehavn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Endringa omfattar utfylling av om lag 400 m3 sprengsteinsmassar i sjø for å sikre eksisterande kai. Utfyllingsmassane har kornfraksjonar på 0 – 300 mm, og skal fyllast med gravemaskin frå land. Arbeida er forventa å ta om lag to dagar.
Det skal nyttast siltgardin for å hindre partikkelspreiing medan arbeida i sjø går føre seg, og utfyllinga skal sikrast mot utrasing i samråd med geoteknisk fagkyndige.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå melding om vedtaket er motteke. Ei eventuell, grunngjeven klage kan stilast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.