Etterhandskunngjering av endra løyve til utfylling ved Fiskå i Strand
Fylkesmannen har endra vilkår i Fiskå Mølle AS sitt løyve til utfylling i sjø ved Fiskå i Strand kommune. Endringane er gjort på bakgrunn av støyklagar og endra metode for utfylling.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.08.2016
For at verksemda kan få fortsetja utfylling i sjø på natt, samt søn- og helligdagar, må det leggjast fram dokumentasjon på at støynivået er innafor fastsette støykrav. Vi har også vedtatt tvangsmulkt som vil forfalla dersom verksemda ikkje overheld nytt krav knytta til driftstida.
Sjå brev og saksdokument i høgremargen.
Eventuelle klager kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Klagefrist er sett til 3 veker.