Etterhandskunngjering av løyve til Hagen Rent Corporation AS til arbeid i sjø ved Kvernevik Ring

Fylkesmannen har gitt løyve til setting av spunt og utfylling i sjø på eigedomane 41/389 og 41/1110 i Stavanger kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2017

I samband med vedlikehald og utviding av kaien ved Kvernevik Ring 177 er det gitt løyve til arbeid i sjø. Løyve gjelder utfylling med ca. 1 000m3 steinmassar i sjø og vil dekkja et sjøbotnareal på ca. 350 m2. Det er i løyve sett krav om blant anna bruk av sandpute for å hindra spreiing av potensielt forureina sediment. Det er vidare sett krav til støy, internkontroll og beredskapsplan m.m.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.