Etterhandskunngjering av løyve til arbeid i sjø i Jørpelandsvågen

Fylkesmannen har gitt Strand Båtsenter AS løyve til peling i sjø på eigedomen 49/675 i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.10.2017

I samband med etablering av en kai ved Strand Båtsenter er det gitt løyve til arbeid i sjø. Løyve gjeld peling i sjø med 13 peler og vil dekkja eit sjøbotnareal på ca. 58 m2. Det er i løyve sett krav om blant anna bruk av siltgardin for å hindra spreiing av potensielt forureina sediment til nærliggande og viktige ålegrasenger. Det er vidare sett krav til støy, internkontroll og beredskapsplan m.m.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.