Etterhandskunngjering av løyve til mudring i sjø i Galeivågen
Nedre Vågen 9 AS er gitt løyve til mudring i sjø i Galeivågen, Hundvåg i Stavanger kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har gitt Nedre Vågen 9 AS løyve til mudring i Galeivågen, Hundvåg. Omsøkt mudringsarbeid er naudsynt i samband med etablering av tørrdokk på tidlegare slippområde. Løyvet gjeld mudring av ca. 550 m³ massar i eit område på ca. 270 m². I løyvet er det m.a satt krav om bruk av siltgardin for å hindre partikkelspreiing, samt at massane skal leverast til godkjent deponi på land.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringspunktet. Mogleg, grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.