Etterhandskunngjering av løyve til mudring og utfylling i sjø Risavika sør-aust i Sola kommune
Sola Blandeverk AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø i Risavika sør-øst.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.12.2016
Fylkesmannen har motteke søknad om løyve til mudring, bygging av mur og utfylling ved eigedomane 8/26, 29 og 107. Føremålet med tiltaka er å opparbeide tomteareal ved bruk av restbetong innanfor ein mur som vil bli satt opp. Det er gitt dispensasjon frå reguleringsplan av Sola kommune. Opparbeiding skal skje over eit år.
Eventuell klage på løyvet kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no. Klagefrist er 3 veker.