Etterkunngjering av løyve til Fiskå Mølle til utfylling i sjø

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Fiskå Mølle AS løyve etter forureiningslova til å fortsette utfyllingsarbeid på eigedom 7/5 i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2018

Fiskå Mølle AS er tidlegare gitt løyve til utfylling i sjø i samband med planar om utviding av industriområdet på Fiskå. Løyvet gjaldt frem til oktober 2017. Det er fylt ut med ca. 650 000 m3 i sjøen ved Fiskå men det er behov for meir masse for å gjere ferdig utfyllinga i samsvar med reguleringsplan. Det nye løyve omfattar vidare utfylling med 300 000 m3 sprengsteinsmassar frå dagbrot. Det er i løyve sett krav om bruk av plast som søkke, samt overvaking av partikkelspreiing for å avgrense skadeverknader på fisk. Det er sett driftstid i forbindelse med støy frå arbeidet.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.