Etterkunngjering av løyve til utfylling i sjø i Gjellestadvika
Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Aker Solutions AS løyve til utfylling i sjø ved eigedomen 8/36 i Eigersund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Aker Solutions har behov for utfylling ved kaien for å få tilstrekkeleg plass til heisekran i samband med arbeid på ein plattform. Det er gitt løyve til utfylling av ca. 1000 m3 reine sprengsteinmassar. Tiltaket vil røra ved eit sjøbotnsareal på ca. 450 m2. Det er i løyve sett krav til bruk av siltgardin for å hindra partikkelspreiing.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.