Etterkunngjering av nytt og endra løyve til Eigersund Næring og Havn KF

Fylkesmannen har etter søknad gitt Eigersund Næring og Havn KF nytt løyve til å fortsette utfylling i sjø i Holeviga. Løyve omfattar arbeid på eigedom 8/22 i Eigersund kommune. Vi har også endra vilkår i gjeldande løyve til sprenging i sjø i same området.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.05.2018

Løyve gjeld utfylling med 14 000m3 rene sprengsteinmassar som vil røra ved eit sjøbotnsareal på ca. 2 900 m2. For å hindra spreiing av forureina sediment sett vi krav om bruk av siltgardin.

Vidare har Fylkesmannen endra vilkår i gjeldande løyve til sprenging i sjø ved Holeviga, og avgrensa tidspunkt for sprenging av omsyn til anadrom fisk frå Bjerkreimsvassdraget. Endringa har heimel i § 18 i forureiningslova.

Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå det nye løyve samt endringsvedtaket i vedlegga til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.