Kontroll av anleggsarbeid ved mudre-, dumpe- og utfyllingsarbeid i sjø
I haust skal Fylkesmannen i Rogaland delta i ein landsomfattande kontrollaksjon for å sjekka at anleggsarbeid knytt til arbeid i sjø følgjer miljøregelverket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mange stader langs kysten blir det gjort inngrep på sjøbotnen for å auka seglingsdjup, utvida landareal og etablera kai. Dei fleste slike tiltak krev eit løyve frå Fylkesmannen.
I aksjonen vil me kontrollera om miljøregelverket vert følgd, samt at vilkåra i løyver etter forureiningslova blir haldne. Aksjonen skal styrka kunnskap og kompetanse i byggjebransjen om ytre miljø.
Mudre- og pelearbeid i sjø.
Viktige kontrolltema vil vera avbøtande tiltak for å hindra spreiing av forureina sediment, overvakingsprogram, rutinar ved akutt forureining, samt internkontroll i verksemdene.
For meir informasjon om aksjonen, sjå nettsidene til Miljødirektoratet.