Løyve til mudring og utfylling ved Naustholmen i Finnøy kommune
Naustholmen Velforening har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Naustholmen på Nord-Talgje i Finnøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyvet er gitt i samband med vedlikehaldsarbeid i hamna. Med heimel i forureiningslova § 11 og i medhald av forskrift av 01.06.04 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 22, gir Fylkesmannen Naustholmen Velforening løyve til mudring og utfylling i sjø ved Naustholmen i Finnøy.
I samband med løyvet stiller Fylkesmannen vilkår til arbeida, mellom anna at tiltakshavar fører kontroll med arbeida og at det nyttast metodar for utføring av arbeida som reduserer faren for skade på det omkringliggande miljø.
Ved Naustholmen er det ei opphoping av mudder innerst i vika. Muddermassane vert kontinuerleg spreidd til brygge- og strandområde i nærleiken. Denne tilslamminga er ikkje ønskeleg, og for å fjerne dei ekstra muddermassane og stanse tilslamminga er det naudsamt å grave i sjø. For å dekke over dei tilslamma områda innerst i vika er det planlagt å dekke muddersedimentet med eit 10 ca tjukt lag med skjelsand.
Løyvet omfattar mudring av 900 m3 massar. Det skal fyllast 75 m2 skjelsand. Tiltaka vil samla dekke eit areal på om lag 1 175 m2 på botnen.
Sjå søknadsdokumenta i lenkene til høgre.