Løyve til utfylling i sjø av sprengsteinmassar frå driving av Eiganestunnelen E39
Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve etter forureningslova og forureningsforskrifta til Statens vegvesen Region vest til utfylling i sjø av sprengsteinsmassar frå Eiganestunnelen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyvet gjeld utfylling i tidlegare dokkområde for bygging av betongplattformer i Jåttåvågen, Stavanger kommune.
Fylkesmannen har i løyvet stilt krav for å hindre spreiing av partiklar og forureining i samband med utfyllingsarbeida.
Løyvet kan klagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no eller postboks 59, 4001 Stavanger.
Sjå dokumentlenkene i menyen til høgre.