Løyve til utfylling i sjø ved Eidsbotn
Karmsund Maritime Eide AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 68/14 Eidsbotn i Karmøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verksemda har etter pålegg frå Fylkesmannen utført opprydding i forureina grunn på land, og ynskjer no å fylla ut i sjø for å gje eigedomen ein meir heilskapleg og hensiktsmessig utforming.
For å hindra spreiing av forureina sediment er det stilt krav om å benytta fiberduk under utfyllingsarbeida, oppsamling av skyteledninger og støykrav m.m.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og søknad i høgremargen.