Løyve til utfylling i sjø ved Langholmen
Fylkesmannen har gitt Bertelsen & Garpestad AS løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eiendommen 47/26 m.fl. Langholmen i Eigersund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samband med opparbeiding av tomta til industriføremål, jf. reguleringsplanen, skal det fyllast i sjø mellom Langholmen og fastlandet. Utfyllinga har til saman eit volum på ca. 11 500 m³, og vil dekkja eit sjøbotnareal på ca. 7 200 m².
Botnsedimenta i området er forureina av miljøgifter. Tiltakshavar skal fyrst etablera to barrierar for å stengja av utfyllingsområdet. Deretter vil det bli fylt ut innanfor to lukka barrierar. Det er i løyvet sett krav om bruk av siltgardin ved lukking av barrierar, tidsbegrensing av arbeidet, bruk av reine sprengsteinsmassar, oppsamling av eventuelle skyteledninger av plast, beredskapsplan m.m.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.