Nytt løyve for Nortura SA Slakteri avd Hå
Nortura SA sin avdeling i Kviamarka i Hå kommune har fått nytt løyve til slakting og vidareforedling av fjørfe. Prosessavlaupet er kopla til offentleg avlaupsanlegg og blir reinsa i Grødaland reinseanlegg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har gitt Nortura SA avd Hå nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld fjørfeslakt, vidareforedling av fjørfe og pakking av egg på Kviamarka industriområde i Hå kommune.
Det er satt vilkår etter forureiningslova §16. Vilkåra i løyvet er også bestemt av Rådsdirektiv 96/61/EF av 24. september 1996 (IPPC-direktivet) som omhandlar integrert førebygging og avgrensing av forureining, jf artikkel 1 og artikkel 2, pkt. 3. Direktivet er implementert i norsk lovgjeving gjennom EØS-avtalen.
Løyvet gjeld auke i slaktemengda til 30 000 tonn og auke i foredlingsmengda 6 500 tonn. Nortura planlegg å pakke 15 000 tonn egg.
Prosessavlaupet, saman med sanitært avløpsvatn, er kopla til offentleg avlaupsanlegg. Avlaupet blir reinsa i eit felles reinseanlegg på Grødaland som IVAR IKS driv. Utsleppet frå dette reinseanlegget skjer om 450 meter frå land og på 18 meters djup.
Vilkår for løyve
Vilkåra i løyvet er basert på eit utslepp av prosessavløp som midla over eit år utgjer 32 m3/time. Det blir tillate kortvarige utslepp opp til 60 m3/time. Kapasiteten til eigne reinseanlegg og kapasiteten til reinseanlegget på Grødaland set grenser for utsleppet.
Rammene for utslepp av organisk stoff er ca. 20 000 personekvivalentar (p.e.). Dette er basert på et gjennomsnittleg innhald av organisk stoff (BOF5) på 1500 mg/l. På grunn av fordelinga av avlaupsvatnet gjennom døgnet, kan avlaupet belaste Grødaland reinseanlegg med over 30 000 p.e. over en 10-12 timer periode. 20% av det organiske stoffet skal reinsast vekk i reinseanlegget på Grødaland i Hå kommune.
Løyvet krev at det skal gjennomførast optimaliseringstiltak og undersøkingar. Utslippsramma kan endrast etter ei betre karakterisering av avlaupsvatnet. Dette gjelder både avløpsvolum og forurensinger.
Vedtak, løyve med vilkår og saksutgreiinga kan du sjå ved å nytte dokumentlenkene til høgre.