Løyve til Statens vegvesen, Region vest til mudring ved Vinterhavn
Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen løyve etter forureiningslova til mudring ved Vinterhavn i Kvitsøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyve omfattar mudring av ca. 1700 kubikkmeter sjøbunnsedimentar. Me sett krav til bruk av siltgardin for å hindra spreiing av forurensa partiklar. Arbeidet blir gjennomført i forbindelse med Rogfast prosjektet, og reine massar kan nyttast i veganlegget. Forureina massar skal leverast til godkjent mottak.
Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.