250 millionar kr til Klimasats i 2022 – bli med på digitalt inspirasjonsmøte 14. januar

Søknadsfristen 15. februar for Klimasats-midlar nærmar seg. Her kan kommunane søke tilskot til mange ulike klimatiltak. Klimapartnere inviterer alle kommunane i Rogaland til digitalt inspirasjonsmøte fredag 14. januar. På møtet presenterer ei rekke kommunar ulike klimasatsprosjekt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2022

I møtet ønsker Klimapartnere å dele gode ideer og erfaringar frå tidlegare klimasatsprosjekt og kanskje hjelpe dei som har ein ide eller tankar på veg til ein søknad. Inspirasjonsmøtet blir heldt fredag 14. januar kl 09.00 til 10.30 på den digitale plattforma Teams. 

Informasjon og påmelding finn de på heimesida til Klimapartnere.no: https://klimapartnere.no/arrangementer/digitalt-inspirasjonsmote-klimasats-2022/

Kva er klimasats?

Klimasats er ei støtteordning administrert av Miljødirektoratet, og er retta mot kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lavutslippssamfunnet. Les meir på heimesida til Miljødirektoratet og sjå gjerne opptak av tidlegare webinar. Her får de god informasjon om kva tiltak som kan få støtte, og kva krav Miljødirektoratet set til søknaden. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.