Seksten Klimasats-millionar til Rogaland
Det er satt av 150 millionar kroner som støtte til klimatiltak i kommunane. Rogaland fekk over 10 % av budsjettposten. Over halve tilskotet til Rogaland er knytt til tiltak og planlegging som gjeld auka bruk av sykkel og elsykkel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Støtteordninga Klimasats har nå eksistert sidan 2016 og sidan første tildeling i 2017 har budsjettposten auka 50 %. Ordninga skal bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet, og prioriterer tiltak som ikkje blir dekka av andre støtteordningar. Eit vilkår for tildeling er at tiltaka er politisk forankra i kommunen. Det er Miljødirektoratet som gjer tilskot, men Fylkesmannen bidrog med ei lokal evaluering av prosjekta.
Totalt blei Rogaland si tildeling på 16,066 millionar kroner og av desse fekk Tysvær kommune 2,325 millionar, Klepp kommune 2,4 millionar, Stavanger kommune 3,051 millionar og Rogaland fylkeskommune 5,75 millionar. Sidan prosjekta kan få maksimalt 50 % støtte, er tiltakskostnadane oftast en del høgare enn tildelinga.
Fylkeskommunen skal, på vegne av 10 kommunar, analysera sykkeldelingsstrategiar og iverksette tiltak for integrering av sykkeldeling ved kollektivknutepunkt. Også Klepp kommune skal gjere dette, men i tillegg legge til rette for betre overgang mellom kollektivtransportmidla. Stavanger skal mellom anna fase ut torvbruk og lage ladeinfrastrukturar/ladestasjonar, medan Tysvær fokuserer på å utvikle Aksdal som eit klimavenleg kommunesenter og på å bygge Fjellhaug dag- og aktivitetssenter som eit plusshus.
Tildelinga i Rogaland er slik: