Kartlegging av store hole eiker

Store hole eiker er ein eigen naturtype. Det er vel kjent at det på gamle eiketre veks mange raudlisteartar, mosar og lav. Men det er særleg  raudlista biller og sopp som er knytte til slike tre.Fylkesmannen kartlegg hole eiker og ønskjer no innspel om kvar dei finst. Dette kan gjerast på fleire måtar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.04.2013

Hole eiker har nyleg fått status som utvald naturtype. Dei gamle eikene i Rogaland er dårleg kartlagt, sjå dekningskartet via høgremenyen.

Dersom du har lyst å hjelpe til i kartleggingsarbeidet kan du gjera det på ulike måtar.

Registrering via Stavanger Aftenblad
Fylkesmannen samarbeider med Stavanger Aftenblad om direkte registrering på eit digitalt kart. Denne informasjonen vert så overført til fylkesmannen.

Registrering via Stavanger Aftenblad

Registrering på skjema
Registrering på skjema direkte til fylkesmannen. Her kan du leggja inn meir informasjon om mellom anna nøyaktig funnstad, storleik på treet og levestad.

Skjema

Registrering via Artsobservasjonar
Slike data kan også leggast inn i Artsobservasjoner. Fylkesmannen i Vestfold har laga ei rettleiing  om korleis du bør gjera dette.

Rettleiing

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.