Dvergålegras har blitt prioritert art

Fredag 29. mai 2015 blei dvergålegras ein prioritert art etter naturmangfaldlova. Dette betyr at det bl.a. blir forbod mot å fjerna eller plukka den. Det betyr og at det vil måtte leggast strengare restriksjonar på utbygging og tiltak som truar dvergålegras.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2015

Dvergålegras er ei sterkt trua plante som finns i grunne våtmarksområder. Den er i Noreg utelukka knytt til fjøresona på beskytta, langflate leirstrender med salt eller brakkvatn. Plantene er heilt neddykte ved normal flo, men blir blottlagde ved normal fjøre. Dvergålegras liknar andre ålegrasartar, men er spinkel og bladene blir sjeldan meir enn 20 cm lange. Det beste kjenneteiknet er hakket i enden av bladene, som vist på biletet under.

 Hakket i enden av bladene skil dvergålegras frå andre ålegrasartar.
Hakket i enden er eit godt teikn som skil dvergålegras frå andre ålegrasartar. Foto: Anders Lundberg.

Dvergålegras har evne til å ta opp, omdanne og uskadeleggjera overskot av næring som blir tilført grunne, marine våtmarksområder. Arten har derfor ein viktig funksjon i marine økosystem i dagens samfunn.

Forekomst i Hafrsfjord

I Rogaland er det foreløpig kun registrert dvergålegras 5 stader; fire stader i Sola kommune (alle i Hafrsfjord), og ein stad i Tysvær. I samband med vegarbeid i Sømmevågen i Hafrsfjord som kom til å øydelegga ein del av dvergålegrasbestanden der, laga Statens vegvesen ein erstatningsbiotop for dvergålegras ved Leirberg. Leirberg ligg om lag 1 km nord for Sømmevågen i Hafrsfjord. Erstatningsbiotopen ser ut til å fungere fint som vekstområde for dvergålegras og som opphaldsstad for fugl.  Ein suksesshistorie som betyr at det er no er registrert 5 dvergålegraslokalitetar i Rogaland. Det kan ikkje utelukkast at det finns fleire dvergålegraslokalitetar i Rogaland.

Dvergålegras er klassifisert som sterkt trua i Norsk Raudliste 2010. Dei viktigaste årsakane til tilbakegangen er utbygging og utfylling i strandsonen, mudring, nedslamming og andre tekniske inngrep. Formålet med prioriteringa er å bidra til å redusere truslane slik at den negative uviklinga stansar.

Les meir om dvergålegras som prioritert art.

Sjå også denne informative og fine filmen om ålegrasenger (under). Slike ålegrasenger er og av svært stor verdi som oppvekstområde for fiskeyngel.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar