Høyring revidert forvaltingsplan Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Verneområdestyret for verneområda har lagt ut forslag til forvaltingsplan til offentleg ettersyn med frist til 1. november i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2014

Store deler av dei åtte verneområda ligg i fjellområda i Rogalandskommunane Suldal, Hjelmeland, Forsand og Gjesdal. Styret for verneområda er sett saman av 1 representant frå kvar av dei 11 kommunane og 1 frå kvar fylkeskommune som har areal i verneområda. I tillegg til Rogaland omfattar vernet 7 kommunar i begge Agder-fylka.

 

Kart over verneområdet Setesdal, Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

 

 

Alle som har synspunkt  eller kommentarar til forslaget er velkomne til å sende innpel. Vi syner til vedlegg for nærare utgreiing om høyringa og sjølve forslaget.

Du kan komme med uttale på ulike vis:

E-post: alf.odden@svr.no

Brev: Verneområdeforvaltar Alf Odden, SVR, Sandsveien 11, 4230 Sand, telefon 480 44 583

Personlig frammøte: Det blir skipa til folkemøte og opne kontordagar i alle kommunane hausten 2014. Desse vil bli nærare annonsert i august. Etter høringsfristen vil verneområdestyret gjennomgå og samanfatte dei innkomne merknadane, og gjere naudsynte endringar i planen.

Endeleg forvaltningsplan skal godkjennast av Miljødirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.