Vis omsyn til villrein i påskefjellet!
Me ber alle skituristar i påskefjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av drektige simler.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Snøkledde påskefjell er ei forlokkande arena for mange nordmenn. Fjella våre fyllast snart av sol- og snøhungrige nordbuar. Det er viktig å hugse på at me er gjester og at me derfor viser omsyn til dei fastbuande. Villrein er vanlegvis svært sårbar for menneskeleg forstyrring på denne tida. Den har all grunn til å frykte oss, og også fredelege turfolk vil kunne utløysa panikk og flukt hos dyra.
Me har stadig betre kunnskap om våre sørlege hardt pressa villreinområdar. Det er eit mål å få dyra til å bruke mest mogleg av sine leveområde. Villrein, som den einaste av hjortedyra, bygger kalvefostra eine og aleine av moras kroppsreservar. Nettopp nå og ei tid framover vil drektige simler bevege seg mot sine kalvingsområde. Etter ein lang og tøff vinter er dei svært sårbare og forsakar, «kastar», fosteret om dei må.
Villrein har ein fenomenal luktesans og med riktig vindretning får den vær på oss på fleire kilometers hald. Det gjeld særleg simlene og ungdyra som følger dei. Bukkane er til vanleg meir tolerante.
Det har vært ein svært tøff vinter for hjorteviltet, også for villreinen, sjølv om slektningane (elg, hjort og rådyr) i låglandet har hatt det enda verre. Mange kommunar har innført ekstraordinær bandtvang, men hundeeigar skal uansett halde sin gode venn under kontroll!
Altså, om dykk treff på ein villreinflokk; vis omsyn til vindretning og forsøk å unngå unødig forstyrring. På førehand takk og nyt påskefjellet!