Ny rapport om miljøgifter i hubro
Veterinærinstituttet har undersøkt førekomst av miljøgifter i hubro. Dei har funne urovekkande høge konsentrasjonar av fleire giftstoff. Det er sannsynleg at miljøgiftene samla sett har ein betydeleg påverknad på hubropopulasjonen i Norge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Leverprøver frå totalt 100 hubro funne døde eller skada i Noreg i perioden 1994-2014 er undersøkt. Det er funne rottegift (fleire typar), klororganiske miljøgifter (mellom anna PCB og DDT) og toksiske metall (bly, kvikksølv, kadmium og arsen).
Større giftkonsentrasjon i marine næringskjede
Det er funne høgare konsentrasjonar av klororganiske miljøgifter i hubroane i kystkommunar i Sør-Norge, enn i innlandet og Nord-Norge. Dette er til dels forventa fordi hubro i kyststrøk har ei anna diett med fleire marine artar på menyen. Det er ein større oppkonsentrasjon av giftstoffa i den feittrike marine næringskjeda. Det var og høgare konsentrasjonar av kvikksølv, kadmium og arsen i kystkommunar enn i innlandet. For rottegift og bly var det ikkje forskjellar mellom kyst og innland, men det var funnet høgare konsentrasjonar i Sør- Norge enn i Nord-Norge.
Rottegift (ein eller fleire) vart påvist i 72 % av hubroane. Det var gjennomgåande svært høge konsentrasjonar av klororganiske miljøgifter i hubroane. Det vart funne relativt høge konsentrasjonar av kvikksølv og bly. For arsen og kadmium var konsentrasjonane låge. Forgiftinga kan føre til død/sterk svekking, avmagring og dårleg reproduksjon. Forfattarane meiner det er grunn til å tru at miljøgiftene samla sett har ein betydeleg påverknad på hubropopulasjonen i Norge.
Det var ingen sikre teikn til endring av klororganiske miljøgifter i hubro i den undersøkte tidsperioden på 21 år. PCB har vært forbodet å bruke i Norge sidan 1980, så desse resultata viser at det kan ta lang tid før førekomsten av slike gifter vert redusert nemneverdig i naturen.
Kollisjon med kraftledningar
Heile 79 % av dei undersøkte fuglane var døde som følgje av traume på grunn av møte med høgspentanlegg (61 %) eller andre ytre årsaker (18 %). Svært mange fuglar vert altså drepen i møte med menneskeleg infrastruktur.