Løyve til skadefelling av jerv
Fylkesmannen har gitt Rogaland bondelag løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland og Suldal. Løyvet gjeld i tida frå 1. januar 2015 til og med 31. januar 2015
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Jakta skal utførast av skadefellingslaget i Nord Rogaland, og er gitt etter Naturmangfaldslova § 18 b for å førebyggja rovdyrskade komande beitesesong. Løyvet inneber at fellingslaget får høve til å leggja ut fem åter etter jerv, og at dei kan nytta snøskuter til frakt til og frå åtet. Det er ikkje lov å nytta skuter til å oppspora eller jakta på jerven.
I 2014 blei 14 sauer og 32 lam erstatta som antatt tap til jerv i Rogaland. I 2013 var tilsvarande tal 5 sau og 33 lam. Eit lam frå Rogaland er dokumentert tatt av jerv i Sirdal hausten 2014. Det er ikkje dokumentert tap av sau til jerv i Rogaland i 2014, men det er sikre dokumentasjonar frå 2010, 2011, 2012 og 2013. Alle er funne i Suldal kommune.
For Rogaland sin del kjennar ein til ein jerv som i periodar går i Setesdals-heiane. Dette er ein jervhann med ID-nr 240. Det er og funne spor av jerv i området vinteren 2014, og eit dyr vart sett i Sirdal hausten 2014. Til saman har 3 ulike jervhannar vore identifisert i dette området sidan 2007.To av dei er skotne.
Heile fjellområdet er viktig beitemark for sau, og me vurderer skadepotensialet som vesentleg. Det beiter mykje sau i området, og jerven bruker å bli verande over vinteren. Ut frå at lisensjakta ikkje synes å vera tilstrekkelig effektiv, finn ikkje Fylkesmannen andre realistiske førebyggande tiltak.