Forvaltningsplan for Ragstjørna naturreservat
Planen gjer greie for natur- og friluftsverdiane i reservatet, og gjev råd og retningsliner for skjøtsel, landbruksdrift og friluftsliv.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.03.2006
Våtmarksområdet Ragstjørna naturreservat vart verna ved kgl. res. 20. desember 1996. Arealet er 479 dekar, av dette 182 dekar landareal og 294 dekar er vatn. Fylkesmannen fastsette 17. februar 2006 forvaltningsplan for reservatet. Planen er blitt til i godt samarbeid med grunneigarar, Oltedal skule og Gjesdal kommune. Reservatet er særleg viktig som hekke- og overvintringslokalitet for svaner, ender og vadefuglar.
I forvaltningsplanen finst det mellom anna meir om
- beiting, gjødsling, hogst og grøfting (landbruk)
- jakt og fiske
- anna friluftsliv, mellom anna klatring
- skjøtsel
- forsøpling
- overvaking og tilsyn