Nei til vindmøller på Siragrunnen
Fylkesmannen fremjer motsegn til planane om eit vindkraftanlegg på Siragrunnen i Sokndal og Flekkefjord kommunar. Omsynet til fiskeri, store fugletrekk og landskapsverknader er sentrale faktorar i grunngjevinga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Anlegget vil omfatte ca 40 km² utanfor Åna-Sira, Jøssingfjorden (Rogaland) og Flekkefjord (Vest-Agder). Ved Åna-Sira er anleggsområdet nærast land (ca 900 meter). Prosjektet har tre alternativ:
- V1 med 40 turbinar (hovudalternativ) – maks høgde 153 m
- V2 med 67 turbinar – maks høgde 135 m
- V3 med 25 turbinar – maks høgde 215 m
I fråsegna syner fylkesmannen til dei tematiske konsekvensutgreiingane som ligg til grunn for søknaden, mellom anna for naturmiljø og verneinteresser, inngrepsfrie område, marinbiologi/fiskeri/havbruk, kulturminne og kulturmiljø, reiseliv og friluftsliv, landskap, støy og nettilknyting.
Fylkesmannen oppsummerer slik:
- Siragrunnen ligg midt i hovedtrekk-område for mange ulike fugleartar, fleire av dei er ansvarsartar og truga artar. Fokksteinane naturreservat er eit viktig hekkeområde for mellom anna havhest, jfr. naturmangfaldloven § 4 og §5, og § 49. Det er knytt stor uvisse til følgjene for fuglelivet, jfr. § 9 i naturmangfaldloven.
- Siragrunnen ligg nær eit nasjonalt verdifullt natur- og kystkulturlandskap, med rike og særprega kulturminnemiljø og opplevingskvalitetar, jfr. naturmangfaldloven kap. 1 (formål og virkeområde). Støy vil vera ei utfordring for bumiljøet innanfor.
- Det grunnmarine området Siragrunnen, med prioriterte og særs artsrike marine biotopar med stortare og rev, er viktig for fiskeria, jfr. § 5 i naturmangfaldlova Følgjene for desse verdiane er for lite kartlagde og gjort greie for, jfr. § 9, 11 og 12 i naturmangfaldlova.
Les heile fråsegn frå fylkesmannen via lenka til høgre. Her finn du og søknaden med vedlegg frå Siragrunnen Vindpark AS.
Vidare saksgang
Søknaden er send på brei høyring. Det har og vore folkemøte om planane. Etter at høyringsfristen no er over, skal Norges- Vassdrags- og Energiverk (NVE) vurdere dei innkomne merknadane og seia ja eller nei til konsesjon. Både Fiskeridirektoratet, Riksantikvaren, Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen Vest-Agder har fremja motsegn til prosjektet. Det vert difor mekling mellom desse instansane og NVE.
Dersom NVE sitt endelege vedtak i saka vert påklaga, er det Olje- og Energidepartementet som skal handsama klagene.