Kraftige vindkast og mykje regn
Dette er ikkje dagen å bevega seg for mykje ute, dersom du absolutt ikkje må.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 10.12.2019
Meteoroligisk institutt varslar kraftige vindkast frå søraust og sør, rundt 27 m/s i indre strok – og opp mot 33 m/s i ytre strok. Varselet gjeld heile Vestlandet sør for Stad.
Gult farenivå
Det betyr at det er ein utfordrande situasjon. Folk bør sikra lause gjenstandar og unngå unødvendig ferdsel på utsette stader.
Med så kraftig vind er det også fare for at ferje, fly eller annan transport kan bli ramma. Folk må sjekka dette.
Kontaktpersonar
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80