Finn fram paraplyen! Det kjem mykje regn i Rogaland
OPPDATERT 5.12.2017: Det er venta lokalt svært mykje nedbør i indre og midtre strok av Rogaland (og Hordaland) dei neste dagane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tysdag fram til klokka 12.00 har det kome 20-30 millimeter nedbør i Rogaland og 40-50 millimeter i Hordaland.
Kva seier prognosane vidare?
Frå tysdag kl. 12 er det venta lokalt 50-80 millimeter dei neste 12 timane, onsdag lokalt 60-80 millimeter på 24 timar og torsdag lokalt 80-100 millimeter på 24 timar. Til saman kan det lokalt koma i alt 200-300 millimeter tysdag, onsdag og torsdag.
Værsituasjonen
Tysdag til torsdag fører eit vestleg og seinare sørvestleg vindfelt med seg varme og fuktige luftmassar til sørlege delar av Vestlandet. Seint torsdag blir dei varme og fuktige luftmassane erstatta av kjølegare luft - og nedbøren er venta å avta.
NVE har justert flaumvarselet. Ytre delar av fylket (nord for Jæren) har fått varselet nedgradert til gult. I resten av fylket er varselet framleis på det nest høgaste nivået; oransje.
Fylkesmannen følger situasjonen, med særleg blikk på indre og sørlege delar av fylket. Dersom det oppstår situasjonar som kan bli potensielt utfordrande for kommunen/etaten, tar de kontakt med oss. Fylkesberedskapsrådet er informert om situasjonen.
Oppdatert måndag 4. desember
Måndag kveld og tysdag kjem det truleg mellom 120 og 140 millimeter i løpet av 30 timar. Onsdag tilseier værutsiktene mellom 60 og 80 millimeter i løpet av ein 24-timarsperiode og betre blir det ikkje på torsdag med sine 90 til 120 millimeter. Mest nedbør er det venta i området mellom Boknafjorden og Hardangerfjorden.
Meteorologisk institutt: Auka overvaking
Værsituasjonen er nå under auka overvakning, melder Meteorologisk institutt. Tala over må foreløpig reknast som overslag over potensialet, og ikkje eit detaljert ekstremvarsel. Dersom data tilseier at situasjonen bør oppgraderast, sender met.no ut ekstremvarsel etter gjeldande kriterium.
Korleis blir det nå, samanlikna med tidlegare i haust?
Varselet nå er eit Fase A-varsel. Me skal ikkje lenger tilbake enn til 22. november før me hadde ein tilsvarande situasjon. Utfordringane i fylket blei størst i Eigersund og Sauda (Svandalsfossen). Me hadde også eit flaumvarsel på oransje nivå i perioden 30. september - 2. oktober. Då blei det stor flaum på Sørlandet. I Rogaland var det flaum i Sokndal (Hauge i Dalane). Dersom me samanliknar dei to førre flaumvarsla/nedbørsprognosane for Rogaland med desse nye værutsiktene, ser det ut som om me denne gongen kan få endå meir. Det er derfor all grunn til å ta nødvendige forholdsreglar.
Fylkesmannens vurdering
Nedbøren kjem i hovudsak i to tidsintervall. Det første intervallet er frå natt til tysdag 5. desember. Dette varer i rundt 24 timar og det ligg an til koma meir enn 100 millimeter. Onsdag 6. desember blir det litt rolegare. Det skal framleis regna, men meir i form av byger og yr. Frå onsdag kveld tar regnet seg opp igjen. Dei neste 24 timane kan det då koma over 100 millimeter.
Det skal vera midtre og indre delar av fylket som får mest nedbør, men heile fylket ligg inne i flaumvarslinga til NVE. Snøgrensa ligg dei neste dagane heilt oppe på 15-1600 meter over havet, noko som gjer at snøsmelting kan forsterka risikoen for flaum. Meteorologisk institutt vurderer å senda ut ekstremværvarsel, men dette er foreløpig ikkje bestemt.
Kommunane blir oppfordra til å ta ein ekstra sjekk av stikkerenner, kummar og område som normalt er utsette for overvatn og flaum ved store nedbørsmengder - som eit førebyggande tiltak.