Jord- og flaumskredfare i Rogaland
Mildvêr og regn. Mykje regn. Derfor har NVE i dag sendt ut varsel og jord- og flaumskredfare i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fredag 4. desember
Jordskredvarsel i Rogaland nord for Bokafjorden - inludert Sauda og Suldal. Det er venta mykje regn. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg. Det er venta relativt høge temperaturar og mykje vind, noko som fører til stor snøsmelting. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner er tilrådd.
Laurdag 5. desember
Gjeld heile Rogaland. Laurdag er det venta mildt vêr og mykje regn. Det blir truleg mest nedbør i midtre delar av fylket, og det vil saman med snøsmelting føra til aukande vassføring og fare for flaum.
Kontaktpersonar
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80