Oransje farevarsel: Svært mykje vind

Vinden blir kraftigast i delar av Sunnhordland, Rogaland og Agder. Figur: Meteorologisk institutt.

Tysdag ventar Meteorologisk institutt svært kraftige vindkast frå sørvest og seinare vest i delar av Sunnhordland, Rogaland og Agder.

Publisert 04.08.2025

Eit kraftig lågtrykk kjem inn frå vest mot Sør-Noreg seint måndag, og gir svært kraftig vind i sørvestlege delar av Sør-Noreg måndag kveld og tysdag.

– Årsaka til at farevarselet er oppgradert, er ikkje sterkare vind, men vindretninga, kor lenge vinden varer, og at kombinasjonen av vind og årstid kan gi store problem, seier Gry Evensen, assisterande fylkesberedskapssjef hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Det britiske vêrbyrået Met Office har gitt lågtrykket namnet Floris, på grunn av lokalt kraftig vind for årstida.

Lågtrykket fører med seg mykje nedbør og kraftig vind i store delar av Sør-Noreg. Vinden blir kraftigast i delar av Sunnhordland, Rogaland og Agder.

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om lokalt svært kraftige vindkast, med moglegheit for vindkast på 30–35 m/s tysdag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.