Ungdomspanelet

Ungdsomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland , saman med statsforvaltar Bent Høie.
Ungdsomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland , saman med statsforvaltar Bent Høie. Foto: Marie Lillejordet Sivertsen / Statsforvaltaren i Rogaland.

Statsforvaltarens ungdomspanel skal vera ei fast ordning der eit utval ungdommar skal hjelpa oss med råd, erfaringar og innspel når me skal løysa oppdraga og oppgåvene våre. På denne måten blir barn og unge i Rogaland involverte i saker som gjeld dei – også hos Statsforvalteren.

Ungdomspanelet møter to–tre gonger årleg for å diskutera aktuelle
saker/tema. Sakene kjem frå fagavdelingane våre, og ungdommane kan melda inn saker gjennom sekretariatet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.06.2024

Det nye ungdomspanelet er på plass

– Kva er viktig for at skulehelsetenesta skal vera til hjelp for ungdom? Det var eitt av mange tema det nye ungdomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland tok opp i møtet 23. mai.


Publisert 14.11.2023

Statsforvaltaren søker ungdommar til ungdomspanelet

Statsforvaltarens ungdomspanel blei etablert i 2023. Panelet har 10 medlemmar og 9 varamedlemmar. Panelet hjelper Statsforvaltaren i Rogaland med råd og erfaringar knytt til dei ulike oppdraga me har. Nå treng me forslag til nye medlemmer i panelet.


Publisert 01.09.2023

Ungdomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland er på plass

Panelet er samansett av unge frå heile Rogaland. I slutten av september skal dei samlast til sitt første ordinære møte.