Offentleglova

Oppdatert 08.04.2024

Alle kan be om innsyn i saksdokument hos dei forvaltningsorgana som er omfatta av offentleglova. Bruk eInnsyn til å be om innsyn i brev og dokument frå statlege verksemder.

Statsforvaltaren rettleier og gir råd på offentleglovas område, blant anna overfor kommunane. Etter offentleglova er forvaltninga sine saksdokument i prinsippet opne for innsyn. Lova gjeld også for ein del sjølvstendige rettssubjekt der det offentlege har ein stor eigardel, for eksempel energi- og renovasjonsselskap.

Avslag på innsyn

Avslag på krav om innsyn skal alltid vere skriftleg, og det skal vise til den føresegna i lova som gir grunnlag for å halde tilbake opplysningane. Sjølv om det er heimel for å nekte innsyn, skal forvaltningsorganet likevel vurdere om du kan få innsyn i dokumentet eller opplysningar i dokumentet. Dette er i tråd med det såkalla prinsippet om meiroffentlegheit. Opplysningar som det er teiepliktig om, er unnatekne offentlegheit. 

Klage på avslag om innsyn

Dersom kommunale eller fylkeskommunale organ eller offentleg eigde rettssubjekt har avslått søknaden din om innsyn, kan du klage til Statsforvaltaren. Dersom du er nekta innsyn i Statsforvaltarens dokument, er det ansvarleg fagdepartementet som er klageinstans. Ei klage etter offentleglova skal sendast til og først behandlast av det organet som avslo innsyn.

Vis meir


Publisert 08.03.2022

Øyer kommune må gi innsyn i internt notat

NRK ba om innsyn i dokumenter på en hytteeiendom i Øyer kommune. Kommunen avslo innsynskravet og begrunnet det med at de mente store deler av dokumentet inneholder taushetsbelagte opplysninger. Statsforvalteren er delvis uenig i kommunens konklusjon.


Publisert 04.02.2022

Arbeidsmiljørapport i Vestre Toten er unntatt innsyn

Statsforvalteren har vurdert om Oppland Arbeiderblad har rett til innsyn i en arbeidsmiljørapport. Svaret ble nei. Nedenfor kan du lese om hvorfor.