Regionmøta skapar tettare band
Statsforvaltaren har besøkt ti regionar i Innlandet det siste året. Sist ut var Valdres og Nord-Østerdalen. Formålet med møta har vore å skape dialog om utfordringar og moglegheiter som kommunane står framfor.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tett dialog med kommunane er ei viktig oppgåve for Statsforvaltaren. Besøksrundane er ein del av eit stadig nærare samarbeid med dei som leier og arbeider i kommunane - på mange område og arenaer.
Regionane i Innlandet
Desse regionane har fått besøk det siste året:
Midt-Gudbrandsdal, Nord-Gudbrandsdal, Gjøvik-regionen, Kongsvinger-regionen, Hamar-regionen, Gran, Sør-Østerdal, Lillehammer-regionen, Nord-Østerdal og Valdres.
Programmet har vore tilpassa dei enkelte regionane sine ynskje og behov. Slik har samtalane spent frå næringsutvikling og det grøne skiftet til oppvekstreform, rovdyr, beredskap, økonomi og kommunal planlegging og andre tema kommunane har ansvar for.
I kvar region har det vore ordførarar, kommunedirektørar og opposisjonsleiarar, samt fagfolk på dei aktuelle sakene, som har møtt representantane frå Statsforvaltaren i Innlandet.
Statsforvaltaren vil understøtte kommunane sitt arbeid med å realisere nasjonal politikk og lokale mål. I tillegg til ulike fagtema, har møta også handla om utvikling av kommunedialogen generelt. Vi opplev at regionmøta har vore ein god arena for å utvikle forståinga av kvarandre sine roller og rammer. Møta har også ført til ytterlegare dialog med enkeltkommunar om konkrete tema og enkeltsaker i ettertid.
Nord-Østerdal
Regionmøtet for Nord-Østerdal fann stad på Tynset 31. januar. Her opna assisterande statsforvaltar Sigurd Tremoen med å framheve dei mange gode kvalitetane i regionen som er attraktive både for dei som bur der og dei som kjem på besøk. Han trakk òg fram at kommunane er flinke til å samarbeide over kommunegrensene for å skape gode teenester, planar og løyingar som står seg over tid. Den viktige innsatsen frå regionen sine frivillige organisasjonar vart òg trekt fram av Tremoen, som oppmoda kommunane om å ta godt vare på desse. Det er godt å sjå at dugnadsånden lev slik den gjer her, sa Tremoen.
Av tema som vart diskutert på regionmøtet på Tynset var kommunedialog, utanforskap og tverrfagleg samarbeid med relasjonelle ferdigheiter i sentrum. Aktørane diskuterte òg målretta skadefelling av rovdyr, arealforvalting og beitekonflikt mellom reindrift, jordbruk og villrein.
Valdres
- Sett utanfrå har Valdres ein sterk regional identitet med store kvalitetar der dei klarar å kombinere det gamle med det nye. Valdres utstrålar fellesskap, og de har skjønt at de er sterkare saman enn åleine. Det er noko å byggje vidare på, sa assisterande statsforvaltar Sigurd Tremoen da han opna møtet.
Tillitsreforma, arealsaker, vatn og avløp, laget rundt barnet og krig og flyktningar var på dagsordenen 10. februar på Fagernes.
Utfordringar og moglegheiter i Valdres
Arealsaker er ofte konfliktfylte og vanskelege. Valdres-kommunane var opptekne av at Statsforvaltaren ikkje skal overprøve det lokale skjønnet i arealsaker. Når Statsforvaltaren kjem raskt inn i ein arealplan, unngår ein at ein kjem på oppløpssida, og det blir full stopp. Det er betre å avklare saka tidleg. Så bruk oss i tidleg fase, var oppmodinga frå Statsforvaltaren.
Valdresregionen er ein hytteregion med mange besøkande i periodar. Dette fører til nokre utfordringar knytt til vatn og avløp når forureininga i enkelte periodar stig over den tillatne grensa. Valdresregionen treng hyttefolket, men må finne gode løysingar for korleis regionen handterer forureininga som følgjer av auka besøk. Problem med forureining kan òg stoppe utbygging i enkelte område.
I Valdres jobbar dei med Oppvekstløftet, eit arbeid for å skapa gode oppvekstvilkår for utsette barn. Oppvekstløftet gir oss moglegheit til meir samhandling og betre arbeidsflyt på tvers mellom kommunar og sektorar. Her ser kommunane eit stort potensiale for å skape gode resultat.
Det har vore ein god dynamikk mellom kommunar og sentrale styresmakter når det gjeld å finne gode løysingar på Ukraina-krisa. Sjølv om det i nokon grad har vore ei utfordring å finne bustad til alle. Sjølv om Valdres-regionen har lagt ned tidlegare flyktningmottak finst framleis kompetans på å busette flyktningar. Statsforvaltaren i Innlandet oppfordra kommunane til å ta vare på den kompetansen.
Tremoen avslutta møtet med å oppfordre regionen til å legge til rette for at alle kan passe inn, og sa at Statsforvaltaren vil vera med på reisa saman med kommunane.