Kommunene og Statsforvalteren møttes til dialog på Otta

Bruk og vern, forventningsgap og beredskap vart drøfta då leiarar frå seks kommunar og frå Statsforvaltaren møttes på Otta.
Møtet på Otta var starten på ei ny runde med regionmøter i Innlandet for Statsforvaltaren. Møta er viktige for å utvikle eit godt samarbeid mellom kommunar og stat – og klargjere forventninger. I Kulturhussalen vart det utveksla både kunnskap, ros og klare utfordringer.
På sakslista stod forventningsgap, bruk og vern og beredskap. Kommunane møter mange forventninger, og må sjå på ulike løysingar og også samarbeide med andre. Tilgang på kompetanse og kapasitet er ei aukande utfordring – og korleis skal ein handtere dette gapet? Kva kan Statsforvaltaren gjere, og korleis skal vi saman kommunisere? Etter raske samtaler rundt borda kom det ei rekke innspel, blant anna om å vere realistiske i samfunnsplan og kva som blir nedfelt og kommunisert, eit tiltak som inkluderer og balanserer folk sine forventningar.

Villrein, utvikling og vidare samarbeid
Bruk og vern var neste dilemma som dei rundt 30 leiarane fekk belyst mellom stat og kommune. Her vart det diskusjonar om jord- og naturvern opp mot næringsutvikling – og fleire var opptekne av kva som er gode tiltak for å ta vare på villreinen. Miljø- og landbruksdirektør Eli Blakstad trakk fram dei nasjonale viktige naturverdiane vi har i Nord-Gudbrandsdalen, og difor er også store område verna. Ordførar Mariann Skotte understreka kor viktig det er med dialog i krevjande saker. I møtet vart det semje om å arrangere eit arbeidsmøte i løpet av vinteren for å diskutere tematikken vidare.
Støtte og samarbeid for eit sterkt totalforsvar
Dei siste samtalene dreia seg om beredskap og kva kommunane gjer og kva Statsforvaltaren gjer i totalforvarsarbeidet. Totalforsvaret skal styrkast som følge av den urolege situasjonen i verda og krig på europeisk jord. Korleis møter kommunane dei nye forventningane? Og korleis samhandlar vi på fleire nivå for å lykkast? Kva treng kommunane når sivile aktørar saman med militære skal sørge for samfunnssikkerheit, kunne støtte kvarandre og handtere kriser? Her fortalte Eldri Siem, ordførar i Sel, om at dei seks kommunane har tilsett ein felles regional beredskapskoordinator. Statsforvaltaren har laga eit forventningsbrev der nye Nato-krav er konkretisert med tiltak som kommunane må gjere. Fylkesberedskapssjef Asbjørn Lund gav heile regionen ros for god beredskapsinnsats gjennom fleire år, med god evne til å løyse og agere når noko skjer.

Ei stemme innover til Oslo
Regionrådsleiar og Vågå-ordførar Harald Sve Bjørndal og statsforvaltar Knut Storberget avrunda møtet. Storberget la vekt på initiativrolla som embetet har, og at han brukar mykje tid på å vere ei stemme inn mot sentrale styresmakter i Oslo. Derfor er regionmøter og samtaler med kommunane viktige lyttepostar. Han peikte også på at embetet kan gje råd og rettleiing i mange saker, og at terskelen skal vere låg for kontakt. Harald Sve Bjørndal takka for at Statsforvaltaren kom med heile leiargruppa og prioriterer slike møte og samtaler så høgt, og Vågåordføraren var elles fornøgd med møtet og stolt av regionen.
