Nettseminar: Næringsutvikling i landbruket

Dato:
28. august 2025 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Landbrukskontor og kommunar i Innlandet
Påmeldingsfrist:
26. august 2025 23:59

Gjennom fire nettseminar i 2025 ønsker vi å skape ein møteplass for fagleg påfyll, inspirasjon og styrking av nettverk. Det tredje seminaret kjem 28. august og tema blir setring, reiseliv og fornybar energi.

Publisert 04.07.2025

Setring og reiseliv er første tema. Seterkultur har kome med på UNESCO si verdarvliste for immateriell kulturarv. Dette får vi ei orientering om, før vi går vidare med setring og turisme. Vi får også høyre om det nye reiselivsstrategien for innlandet og kva denne betyr for landbruket. 

Det andre temaet blir fornybar energi. Her får vi høyre om erfaringar og tilrettelegging.

Programmet er under arbeid og blir publisert veka før seminaret. Dei som har meldt seg på får det tilsendt. 

Det skjer mye spennande innan næringsutvikling i landbruket. Kommunane i Innlandet er involvert i ulike prosjekt og tiltak, og det same gjeld for fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Målet med nettseminara er nettopp at vi møter kvarandre for å dele kva som skjer, for påfyll og inspirasjon til å utvikle landbruket vårt. 

Vi sender lenke pr. e-post for å delta på nettseminaret til alle påmeldte seinast dagen i forvegen.

Det er planlagt fire nettseminar i 2025. Første seminar vart gjennomført 20. februar, andre seminar hadde vi 24. april, og fjerde og siste seminar i år kjem 12. november.

Påmelding nettseminar28.08.2025

Dato:
28. august 2025 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Landbrukskontor og kommunar i Innlandet
Påmeldingsfrist:
26. august 2025 23:59