Treng du dokumentasjon for å bruke utanlandsk arbeidskraft i grøntnæring?
I statsråd i dag, 26. mars, vart det fastset ei forskrift om søknad om unntak frå innreiserestriksjonane for utlendingar som er strengt naudsynte for å oppretthalde forsvarleg drift i grøntnæringa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regjeringa varsla 19. mars at dei set i verk ei ordning for grøntnæringa ved behov for utanlandsk arbeidskraft. 26. mars kom forskrifta. Ordninga er endra frå ei dokumentasjonsordning til ei søknadsordning. Det er Landbruksdirektoratet som administrerer ordninga.
Bakgrunnen er at det vart innført strenge innreisereglar til Noreg frå 29. januar for å hindre importsmitte. Regelverket opnar opp for unntak der det er strengt naudsynt med utanlandsk arbeidskraft for å sikre kontinuitet i kritiske samfunnsfunksjonar som blant anna matproduksjon. Føretak som driv med grøntnæring kan søke Landbruksdirektoratet for å få unntak frå innreiserestriksjonane.
Les heile saka hos regjeringa og hos Landbruksdirektoratet som administrerer ordninga.
For husdyrproduksjon, som og er definert som samfunnskritisk funksjon, gjeld ikkje denne eigne søknadsordninga. Følgande reglar gjeld:
Innreise frå EU/EØS, sjå her. Skjema som skal fyllast ut, finn du under denne lenka.
Innreise frå tredjeland: Det må søkast UDI. Les meir her