Lokalmatens veg over dørstokken og inn i det kommunale kjøkenet

Korleis få meir lokalmat på menyen i kommunane? Dette stod på dagsorden då Statsforvaltaren i Innlandet samla lokalmatprodusentar, kjøkenleiarar, kokkar og matfagarbeidarar i Valdres til møte 4. oktober på Fagernes.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med møtet var å informere om moglegheitene for å kjøpe inn lokalmat i kommunal sektor, dele erfaringar og bli betre kjent.
Neste treffpunkt blir under Snøggtreff 6. desember på Beitostølen der Statsforvaltaren i Innlandet m.fl. inviterer til inspirerande foredrag. Det blir også møte som er avtalte på førehand mellom produsentar, serveringsbedrifter og kommunane i Valdres.
Lokalmat i kommunane blir også eit av fleire spanande tema på samling for kjøkenleiarar i Innlandet 3. og 4. november. Det er Statsforvaltaren som inviterer til denne samlinga. Sjå info til høgre.