Fylkesmannen opphever Øystre Slidre kommunes vedtak om å tillate bygging av 250 meter trillestig
Kommunen har gitt dispensasjon fra kommuneplanen og tillatt bygging tilrettelagt for rullestolbrukere.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Parsellen går frå Fylkesveg 51 og til Rjupetjednet.
Vedtaket blei påklaga til fylkesmannen.Fylkesmannen tar klagen til følge og opphever vedtaket. Slik fylkesmannen ser det, hadde søknaden fleire manglar som skulle ha vore retta på før saka vart behandla. Ein av desse var at det ikkje går fram av søknaden at kommunen søker om dispensasjon. Om det ikkje var søkt om dispensasjon hadde kommunen ikkje heimel til å fatte vedtak om dispensasjon. Om ordninga i lova hadde vore fylgd, ville det frå start av vore klart at det var eit spørsmål om dispensasjon. Alle instansar og andre saka gjeld villa hatt betre moglegheiter til å imøtegå dei utsegn søkjar hadde om dispensasjon, ikkje berre om tiltaket.
Fylkesmannen har ikkje tatt stilling til om det er grunnlag til å gje dispensasjon i saka etter ein eventuell ny søknad.