Nord-Fron fekk øvd kriseleiinga si
Scenarioet var brann på Sødorp barneskule. Skulen vart totaltskadd i brannen og elevar og tilsette måtte evakuere. 75 personer delok på øvinga og nabokommunane Sør-Fron og Ringebu var også med som observatørar og evaluatorar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I øvinga var det 24 elevar ved skulen som spelte evakuerte og vart registrert inn av kommunen på senteret for evakuerte- og pårørende.
Viktig å øve
I ei tid med fortløpende kriser er det viktig med øvingar. Sjølv om ein slik situasjon handterast i stort av brannvesen og politi så vil kommunen som skuleeigar bli mykje involvert. Eit viktig øvingsmål er å kunne sjå korleis kommunen tek hand om sine elevar og tilsette, men også andre innbyggjarar i kommunen.
Øvinga varte i 3 timer. Nord-Fron kommune deltok med heile kriseleiinga med ordførar og kommunedirektør i spissen. Nabokommunene, Ringebu og Sør-Fron var med gjennom heile øvinga og ga sine innspel til evaluering av korleis Nord-Fron handterte hendinga.
Korleis kommunen jobbar med å handtere presse, media og kommunikasjon er ein stor del av slike øvingar. Kommunen hadde fleire pressekonferansar under øvinga og servicetorget svarte ut særs mange telefonar frå innbyggjarane.
Øving kvart fjerde år
Statsforvaltaren skal syte for at kommunene øver kvart fjerde år. Statsforvalteren planlegg øvinga saman med kommunen, bidreg til at kommunen sett sine øvingsmål. Statsforvaltaren er også spill og mediestab og sørger for å være "omverda". Ofte så inviteres andre etatar eller bedrifter som er berørt med på øvingane.
Statsforvaltaren si rolle i kriseøvingar